Velkommen til norint2115 sin rykande ferske blogg!

Her skal studentane skrive inn loggar og andre tekstar dei produserer. Eg gler meg til eit nytt semester med studentar som er nyfikne på nynorsk og norske dialektar!

Logg 8. mai

Hei hei!

Denne gongen studerte me vestlandske dialektar. Me blei delt inn i fire grupper. Første gruppa snakka om nordvestlandsk, den andre sørvestlandsk, gruppe 3 snakka om sørlandsk dialekt og den siste gruppa forklarte kva slags forskjellar har dialektane i Bergen, Stavanger og Kristiansand. Då analyserte me tre forskjellige tekstar og prøvde å forstå kva slags område desse tekstane høyre til. Etterpå lytta me på Jan Eggum «Kor e alle helter hen», og det var eit bra døme korleis man synger i Bergen. Me fekk teksten til Knutsen og Ludvigsen «Eg Ve Te Bergen» òg. Midt i førelesninga hadde me ein pausen og då folk berre sat og snakka mange forskjellige ting.

Takk!

Laura og Raoul

Logg 24.april – frå læraren

Denne gongen passar det godt at det er læraren som skriv loggen i bloggen, sidan dagen i går handla om at nynorsk-dialektstudentane framførte ulike oppgåver for å kvalifisere seg til å ta eksamen.

Liv Jorunn og eg blir stadig meir imponerte over innsatsviljen, engasjementet og kunnskapen til studentane. Me kunne berre lene oss tilbake og nyte det eine framlegget etter det andre. Studentane hadde jobba godt og omsett tekstar, samanlikna grammatikk, ordforråd og dialektar, analysert målprøvar og intervjua folk om dialekten deira.

Innlegga var personlege og levande og fleire av studentane brukte til og med strålande nynorsk tale i framlegga sine. Hurra for studentane som kjem frå heile verda og gjev oss ei slik positiv oppleving på ein fredag som ikkje blei heilt vanleg!!

Bilde

Årets reklame !

reklame 2

God helg alle saman ! Berre et så mykje sjokolade som dokker kan ! 😉

Alina og Victor

Manus til TV-reklame «Med Ruter til framtida»

 

  1. bilete

En passasjer stig inn på T-Bane

  1. bilete

Passasjeren set seg ned ved vindauget

  1. bilete

T-Banen byrjar å køyre

  1. bilete

Passasjeren ser gjennom vindauget korleis T-Banen stig opp i himmelen og no er det mange stjerner utanfor: T-Banen flyr i verdsrommet

  1. bilete

Passasjeren ser korleis T-banen flyr forbi Mars og et romskip som er styrt av utanomjordiske vesen

  1. bilete

Passasjeren gnir augo og trur ikkje kva skjer der

  1. bilete

T-Banen stansar på stasjonen og bak vindauga er Oslo fjord

  1. bilete

Passasjeren stig opp og går forbi føraren som er kledd i romdrakt

  1. bilete

Passasjeren stig av og ser på utanomjordiske vesen som stig inn i T-Banen. Romskippet deira ligg litt unna.

  1. bilete

Passasjeren ser på logo på T-banen, som viser romskippet som har ruter logo i midten

grafisk tekst: med Ruter til framtida

Luisa og Raoul

Flyreisa til ferie

Snart er mange studentar ferdige med eksamenane sine og det betyr at folk byrjar å fly til ferie. Det er godt å minnast nokre reglar som gjeld på lufthamna og på flyet.

Fyrst og fremst sjekk på nettet korleis er vêret i reisemålet ditt og då veit deg kva slags ting trenger du på reisa.

Innan du dreg på flyhamna kan du gjer i heime elektronisk sjekk inn. Med dette sparar du tid på lufthamna. Dobbelsjekk at du ikkje har putta noko i veska di som er forbydd på flyet.

På flyget drikk mykje vann og dersom flyreisa tek mykje tid du må bevege deg sidan det gjer bra for blodsirkulasjonen.

Når du stig ut frå flyet sjekk at alle veskene dine er med deg.

På destinasjonen ver sikker at du har alle naudsynte telefonnummer tasta i telefonen og du minnast kor ligger hotellet ditt.

Ha ei fin reise!

Laura og Raoul

Litt til om dialekter

Alltid godt når sjeldne dialektar kommer fram i avisene

http://www.dagbladet.no/2015/04/19/kultur/dialekt/norsk/sprak/sprakradet/38761611/

Det tragiske eventyret om ein snikkar, ein bakar, ein dotter, ein prins og ikkje minst ein sjokoladebolle!

Det var ein gong ein snikkar som blei forelska i dottera til ein bakar. Bakaren var den rikaste og samstundes den slemmaste i heile landet og ville helst at dottera skulle gifte seg med Noregs prinsen, Bjørnar den Fagre.

Prinsen, derimot, var glad i snikkaren og han ville ikkje ha noko å gjere ned dottera til bakaren. Då bakaren fant ut av det, blei han skikkeleg sint og bestemte seg for å drepa snikkaren med ein giftig sjokoladebolle.

Prinsen hadde ikkje nokon valg enn å gifte seg med dottera, men han aldreg meir spiste ein sjokoladebolle, fordi dei minnet ham om sin kjære snikkar.

Claudia, Greg og Arturo.

Ei elegant fransk dame frå overklassa og ein norsk snikkar i Oslo

Ho hadde nettopp flytta til Oslo og kjøpt seg eit nydeleg hus på Frogner, i Sentrum. Men fargen på husveggane fall diverre ikkje i smak. Difor sette ho seg i stua, tok eit glass vin og byrja å søkje eit byggefirma på nettet. Endeleg fann ho nettsida til « Det drøymehuset ditt ».

Etter eit par glass til, bestemde ho seg for å ringe dei. Sidan ho kunne ikkje flytande norsk og vart litt drukken, hadde ho dårleg aksent.

-Allooo ? Er det drrøøymehuseeet ? Eg trenger ein drøymesnikkar så fort som mogleg !!

Det høyrtes helt latterleg ut, altso. Etter eit par sekund, fekk ho svar likevel:

-Hmm… Kva trenger du eigentleg ?

-Ein fin mann som kan setje fargar på huset og livet mitt !

Og så kom mannen heim til den rare dama. Det vart kjærleik ved fyrste blikk og så byrja dei å drikke saman. Det er ikkje noko sosiale skilnader takka vere fransk vin!

Alina og Victor

Vaksenvers (på nynorsk)

Vaksenvers

Vaksne er dei som har lange kroppar
og viktige jobbar og kaffikoppar
og hytter og bilar og firkantplenar.
Vaksne er dei som bestandig meiner!

Vaksne er dei som tar middagslurar
og pustar så høgt at dei snorke-durar
og leser aviser i bestestolen.
Vaksne er dei som synast godt om skulen!

Vaksne er dei som har store skattar
og grinete sjefar og jålehattar
og rynker i panne og hovudpine.
Vaksne er dei med alvorleg mine!

Vaksne er dei som får sitte på trikken
og krangle og kjefte i storpolitikken
og legge seg når dei har lyst og er trøtte.
Vaksne bestemmer når barna er mette!

Vaksne er dei som er slitne bestandig
og lager seg festar med dansing og Brandy.
Vaksne er dei som så veldig lett gløymer
at barn ikkje ønskjer seg kjefting – men klemmar!

< Oversett av Tarjei, Sofio, Katerina og Kristina >

Ikkje kle av deg for fort !

Det er ikkje helt slutt på vinteren. Det kan godt hende at byen blir dekt av snø igjen, akkurat som for to veker sidan.

Her er det fem tips til korleis du hald deg varm og frisk vis dette skjer.

1 – Ta på deg hanskar, lue og ullgenser.

2 – Det er ikkje på tide å ete softis på gata eller drikke utepils, diverre.

3 – Drikk heller noko varmt, som varmsjokolade elle kaffe viss du ikkje vil fryse.

4 – Ver merksam òg på barna som har større sjansar for å bli sjuke eller forkjølte i det kalde været, særleg på morgonen.

5 – Pass på at dei ikkje lekar for lenge ute og kler på seg skikkeleg, sjølv om dei ikkje ynskjer det !

Me er klare over at det er litt ubehageleg å ha varme klede på seg i april, men det er utvilsam mykje betre å ha det litt for varmt enn omvendt. Ver tolmodig og varsam !

Victor og Katrina