Vaksenvers (på nynorsk)

Vaksenvers

Vaksne er dei som har lange kroppar
og viktige jobbar og kaffikoppar
og hytter og bilar og firkantplenar.
Vaksne er dei som bestandig meiner!

Vaksne er dei som tar middagslurar
og pustar så høgt at dei snorke-durar
og leser aviser i bestestolen.
Vaksne er dei som synast godt om skulen!

Vaksne er dei som har store skattar
og grinete sjefar og jålehattar
og rynker i panne og hovudpine.
Vaksne er dei med alvorleg mine!

Vaksne er dei som får sitte på trikken
og krangle og kjefte i storpolitikken
og legge seg når dei har lyst og er trøtte.
Vaksne bestemmer når barna er mette!

Vaksne er dei som er slitne bestandig
og lager seg festar med dansing og Brandy.
Vaksne er dei som så veldig lett gløymer
at barn ikkje ønskjer seg kjefting – men klemmar!

< Oversett av Tarjei, Sofio, Katerina og Kristina >

2 responses to “Vaksenvers (på nynorsk)

  1. Veit nokon korleis får man linjene nærare kvarandre? Det er for stor avstand mellom desse no… (Kristina)

    Likar

  2. Eg har fiksa det, Kristina. Det er for innfløkt og langt å skrive kva eg gjorde, men eg kan fortelje det til deg i timen:-)

    Likar

Kommenter innlegget