Kristina

Hei alle saman!

Ålesund. Sommer 2014

Dokke veit at eg heiter Kristina og er frå Russland. Men no vil eg furtelje meir om meg sjølv her. Dette vil altså bli ein la-a-ang historie! Neida, slapp av 🙂 Men eg må jo trene i å skrive nynorsk!

Eg er frå ein liten by nær Moskva som heter Lubertsy, men dei fleste av dokke har naturlegvis ikkje nokon gang hørt namnet på byen min. Eg vaks opp i ein vanleg familie med mamma, pappa, ein lita søster og mange annan slektningar, og barndommen min var stort sett som hos dei fleste. Dagar var brukt på skulen, fritida – med kunst, dans og venner.

Men heile livet mitt forandra seg fullstendig etter at eg starta på Norsk-Russisk Vidaregåande Skule (NRVS) i Moskva. Det var ein helt anna ”verd” for meg! Eg fikk mange nye venner og blei nært kjent med eit lite nordisk land – Noreg. Me lærte oss norsk språk på skulen (men det var berre bokmål altså!), las mange tekstar, lærte om Noregs kultur, historie, tradisjonar, politikk og nåtida. Til og med reiste vi til Noreg heile 3 gonger i løpet av 3 år på vidaregåande skule.

Skulen min eksisterte i ca.12-14 år den gongen, og dei samarbeida med Noreg i fleire område. Nokon av elevar hadde fått moglegheit til å reise på utveksling til Noreg som kvota-studentar etter vidaregåande skule. Det var Høgskulen i Ålesund og Høgskulen i Halden NRVS samarbeida med. Likevel skulle det ha gått 2 år etter at eg blei ferdig på vidaregåande skule før eg fikk invitasjon til utveksling sjølv. I desse årene studerte eg økologi og naturressursar på universitetet i Moskva, og drøymde om å studere kunst og språk i tillegg.

Året 2011. Mars. Stemmen i ein telefon frå vidaregåande skule fortalte meg at eg kunne ha fått plass på Høgskulen i Ålesund om eg ville. Nokon månadar etter denne dagen, i starten av august, tok eg eit fly frå Moskva.

Ålesund! Det var tre gode år i denne byen. Saman med veninna mi budde eg høgt opp i ein studentblokk, og me hadde vinduer mot fjell og sjøen. Kvar einaste dag kunne me sjå eit spektakulær show laget av naturen rett frå vårt vindauge.

På Høgskulen studerte eg Marinbiologi og havbruk, og samtidig avslutta bachelor i Moskva. Det var mange fly fram og tilbake mellom dei to landa, og ikkje minst mange lesetimar. Det var dei svært lærerike årene, ikkje berre på Høgskulen, men også i kvardagar – noko som handla om å bo aleine frå familien for fyrste gong, stille seg til eit anna land, eit anna språk og ein annan kultur.  Fritida var også lærerik: venninna mi og eg, me leste og lærte mykje om kulturar (spesielt om gammal russisk kultur), også feminitet, spiritualitet, økologi, helse, mat og m.m. Og, kanskje dei viktigaste, me blei kjent med yoga.

Sommer 2013 avslutta eg Universitetet i Moskva og samtidig reiste veninna mi frå Ålesund tilbake til Moskva etter at ho avslutta bachelor-studie sitt på Høgskulen. Siste året i Ålesund blei eg kjent med nokon fleire gode menneskar, blei kjent med Noreg og Ålesund på mange nye plan og sjå det frå mange nye vinkla. Ofte gjekk eg turar og tok bilde, sjå på naturens og menneskets liv og bevegelse. Eg blei også kjent med det som kunne kallast ”ro” – noko som hadde vore ukjent for meg i alle år før. Som eit menneske braut eg nokon av mine egne gamle ”stereotypar”, ”trør” og ”idear”, som blei visst stemte ikkje med verkelegheita.

Våren 2014 søkte eg til master på NMBU (Norges miljø- og biovitenskapelige universitet). 31.juli leverte eg nøkkelen til Samskipnaden i Ålesund, og saman med ein venn av meg satt eg meg i bilen, lasta med alle tinga mine. Kurset blei satt mot sør.

Så no bor eg i Oslo, studerer Naturforvaltning i Ås, og samtidig er ein enkeltemnestudent her på UiO. Eg er veldig glad for alt som skjer, er takknemleg for dei moglegheitene som kjem og dei menneska som er rundt meg. Og nynorsk og dialektar er noko av dei spennande og morosame som er i livet mitt no:)

P.S. Bildet blei tatt av meg i Ålesund (sommar 2014)

 

 

 

1 responses to “Kristina

  1. Dette var det interessant og lærerik å lese, Kristina! Eg visste ikkje noko om dette norsk-russiske samarbeidet! Så fint at du tok deg tid til å skrive ein god og innhaldsrik eigenpresentasjon:-) Eg trur det russiske og det norske utdanningssystemet er svært ulikt, og ikkje berre naturen og folka, så det må vere spennande å få så god kjennskap til begge deler som du har fått.

    Eg reknar jo med at du kjenner godt til Ålesundsdialekten etter åra i Ålesund, men har ikkje høyrt at du snakkar Ålesundsdialekt, trur eg. Gjer du det?

    Likar

Kommenter innlegget