Sophie

Heisan!

Litt vanskeleg å skrive om seg sjølv, ikkje sant? Vel, eg heiter Sophie og eg kjem frå Georgia. Eg har budd i Noreg siden august, men eg har vore i Oslo ein gong før i 2012. I tillegg til psykologi studerte eg norsk språk og litteratur ved universitetet i Tbilisi. Generellt er eg veldig glad i fremmedsspråk og kan snakka engelsk, fransk og russisk. Norsk er sikkert en av de penaste språk eg har hørt. Kva synest dokker?

Det verkar som at man får litt forskjellige personlighetar saman med språk, fordi man kan uttrykkje seg på ulike måtar. Sjølv stemma forandrar seg! Me lever i en språkkonstruert verd og me er knytt til orda me brukar, dialektar me snakar, språkformer me vel. Det er spenande at Noreg rakk å behalde dialektar og me har mogelegheit til å studere dei.

Ses i morgon,

Sophie

1 responses to “Sophie

  1. Det er du som er eksperten på deg sjølv, Sophie, og eg synes jammen du har gjennomført oppgåva svært godt:-) Det er interessant, som du seier, at til og med stemma endrar seg når ein snakkar eit anna språk. Det endrar liksom noko ved det heilskapelege uttrykket til den som snakkar.

    Likar

Kommenter innlegget