Logg 24.april – frå læraren

Denne gongen passar det godt at det er læraren som skriv loggen i bloggen, sidan dagen i går handla om at nynorsk-dialektstudentane framførte ulike oppgåver for å kvalifisere seg til å ta eksamen.

Liv Jorunn og eg blir stadig meir imponerte over innsatsviljen, engasjementet og kunnskapen til studentane. Me kunne berre lene oss tilbake og nyte det eine framlegget etter det andre. Studentane hadde jobba godt og omsett tekstar, samanlikna grammatikk, ordforråd og dialektar, analysert målprøvar og intervjua folk om dialekten deira.

Innlegga var personlege og levande og fleire av studentane brukte til og med strålande nynorsk tale i framlegga sine. Hurra for studentane som kjem frå heile verda og gjev oss ei slik positiv oppleving på ein fredag som ikkje blei heilt vanleg!!

Kommenter innlegget