Om bloggen

Dette er bloggen til studentane på Norint 2115 og studieemnet Dialektar, nynorsk og språkhistorie for internasjonale studentar. Desse studentane kjem frå heile verda, frå Noreg, Belgia, Tyskland, Colombia, Mexico, Russland og mange andre land.

Her skal studentane skrive kva dei gjer i timane, leggje inn eigne tekstar, lenkjer og bilete. Målet med bloggen er å ha ein uformell stad å bruke og prøve ut nynorsken. Språklege avvik er ein naturleg del av all språkleg utvikling, og tekstane vil vere prega av dette. Læraren kjem ikkje med raudpennen og rettar opp tekstane, men diskuterer og kommenterer gjerne. Studentane sjølv har høve til å rette opp sine eigne tekstar etter kvart som dei lærer meir:-)

God lesnad!

Kommenter innlegget