Victor

Hei alDSC-21[2] - Copiele saman !

Eg heiter Victor, kjem frå ein liten by på nord-kysten av Frankrike og er utvekslingsstudent her i litle Noreg. Eg reiste på ferie til Noreg i 2013 og vart sjarmert av landskapa og norsk kultur. Etter å ha studert stasvitskap i Paris, har eg difor flytta til Oslo kor eg har budd sidan juli 2014.

Eg byrja å læra bokmål for to år sidan, og hadde læra meg ein god del norsk før eg kom hit, men når man busetter seg i Oslo, merkar man ganske fort at det finst ganske mange dialektbrukarar frå heile landet. Noreg er jo eit paradis for dialektar! Dette gjer nordmenn spesielle, og så interessante ! Man pratar si eiga dialekt på radio, fjernsyn, i politikken, i musikken, dikt…  ! Det finst eit språkleg mangfald som er ein rikdom.

Difor bestemte eg meg for å ta eit emne i nynorsk og dialektar. Det er både ein god moglegheit til å få betre språkferdigheiter og ein morosam måte å studera norsk kultur på.

På fritida likar eg å lesa og henga ut med vener. Eg er samfunnsengasjert og har lyst til å vera med å påverka. Eg er veldig oppteken av miljø og helse, hjartesakene mine. Eg må òg seie at filosofi er ei utømmeleg kjelde til inspirasjon for meg. Eg er ein optimist, med sterke meiningar, som drøymer om å forandra verda.

Eg ynskjer alle eit spennande semester i dialektriket Noreg ! 🙂

1 responses to “Victor

  1. Eg ynskjer deg lukke til med studiane og livet, Victor! Det er godt å vite at ungdommar som deg har engasjement og energi til å ville endre samfunnet! 🙂

    Likar

Kommenter innlegget