Alina

Heey folkens! 😉
Eg heiter Alina og kommer frå Latvia. Eg bur i Noreg sidan sommar 2013. Fyrst når eg kjem hit studerte eg norsk hos Den Internasjonale Sommerskole Universitetet i Oslo. Me var cirka 500 menneske frå 96 ulike land. I løpet av sommerskolen fekk eg mange nye venner, masse positive inntrykk om Noreg og gode minne. Eg vil aldri gløyme denne sommar.
Eg studerar Nordiske studier hos Universitetet i Oslo.
Eg valde å ta nynorskfag denne semester på grunn av at i mai har eg eksamenar som må skrivast på nynorsk.
På fritida jobber eg frivillig hos “Røde Kors” som besøksvenn. Kvar veke besøkjer eg ein 92 års gammal mann som er einsam og treng sosial kontakt, vi les aviser, drikk te saman og pratar om livet.
Ogso elskar eg å trene. Eg trenar veldig ofte og intensivt på SIO Athletica.
Då var det en liten presentasjon om meg 🙂
Ses i morgon!

Kommenter innlegget